RSU Sogn og Fjordane er eit
regionalt samarbeidsutval for handsaming av utsmykkingssakar i fylket.
Hovudsakleg er det utsmykkingar i samband med oppføring av offentlege
bygg som handsamast.
RSU sin funksjon er å oppnemne kunstneriske konsulentar for byggjet.
Vidare skal dei endelege utsmykkingsplanane godkjendast av RSU.
RSU er samansett av ein
representant for BKSF (Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane), ein for
NK (Norsk Kunsthandverkarar Region Vest) og ein for SOFA (Sogn og
Fjordane Arkitektforening):
Leiar: Gunilla
Åkesson, NKVN
Bjarne
Svanøe, BKSF
Grete
Marøy Sellevold, SOFA
vara: Guri Fonsdal, SOFA
Rapport frå RSU 2000
RSU Sogn og Fjordane hadde i 2000 følgjande samansetning:
BKSF: Merete Hol Tefre, vara: Leif Hauge
NKVN: Aud Hanna Indrebø , vara: Grete Huus
SOFA: Grete Marøy Sellevoll, vara: Guri Fonsdal
Leiar i 2000 har vore Merete Hol Tefre.
Faste kunstneriske konsulentar har vore: (oppnemnde november-98, for 2 år):
- Magne Vangsnes, BKSF
- Reidun Færøy Bergstrøm, NKSF
RSU har på møte 30/1 2001 oppnemnd nye faste konsulentar:
BKSF: Jens Hauge, 2000-2001
NKVN: Reidun Færøy Bergstrøm, for ein ny periode, 2000 - 2001
RSU har i 2000, og fram til dags dato, hatt 3 møter: 20/3 - 2000, 9/10 - 2000 og 30/1 -2001.
Følgjande
utsmykkingssaker er på gang i fylket:
Sentrumsplanen i Årdal
kommune
Utsmykking i samband med reguleringsplan, øvre Årdal og Årdalstangen. RSU sin rolle har vore å foreslå jurymedlem for lukka konkurranse. Jurymedlem har vore Reidun Færøy Bergstrøm.
Dei to kunstnarane som blei tildelt utsmykkingsoppdrag er:
Magne Vangsnes og Turid Karin Askeland.
Utsmykkinga er under arbeid.
Hafstad vidaregåande skule
Utsmykkinga er no avslutta, og RSU godkjende avslutningsrapporten i møte 9/10 - 2000. Same dag fekk RSU orientering om utsmykkingsprosessen, og omvising på bygget av konsulenten, Audgunn Naustdal Holsen. Den ferdige utsmykkinga blei i oktober 2000 presentert på nettet, som "månedens utsmykking", under Utsmykkingsfondet.
Kunstnarane som fekk tildelt utsmykkingsoppdrag var: Lise Stang Lund
og Turid Ulldal.
Innkjøp frå Magni Jensen og Geir Hjetland.
Konsulent har vore: Audgunn Naustdal Holsen.
Fjordsenteret i Aurland.
Utsmykkinga er under arbeid.
Kunstnarane som har fått utsmykkingsoppdrag er: Astrid Wittersø og
Åse Skrivervik.
Innkjøp frå: Finn Egil Eide.
Konsulent er: Kristi Ylvisaker.
Arbeidermonument i
Høyanger.
Etter lukka konkurranse i 2 omgangar, vart utsmykkingsoppdraget tildelt
Kristian Blystad.
I juryen var: Arve Bringaker, (leiar Norsk Billedhoggerforening), Arild Bergstrøm,
kultursekretæren i Høyanger, 1 repr. for Høyanger Kunstlag, samt 1 repr. for Høyanger kommune.
Utsmykkinga er under arbeid.
Konsulent: Arild Bergstrøm.
Nye utsmykkingssaker.
Indre Sogn psykiatrisenter, Rutlin, Sogndal.
RSU godkjende i møte 30/1 2001, planane for Del 1 av utsmykkinga. Dette er utsmykking som skal integrerast med arkitektur/landskapsarkitektur, og kunstnerisk markering av arkeologiske funn på byggeområdet.
Følgjande kunstnarar er tenkt invitert til ein lukka konkurranse, i første omgang skisseprosjekt, for eit av utsmykkingsprosjekta:
Geir Hjetland; Kristian Blystad og Kjersti Wekselsen Goksøyr, med:
Olav Bøe, Gunn Harbitz og Olav Orud som vara.
Til det andre utsmykkingsprosjektet har utsmykkingsutvalet valt
Elisabeth Astrup Haarr, som vert invitert til å utarbeide skisseprosjekt i samarbeid med arkitekt.
Konsulent: Magne Vangsnes.
Ungdomspsykiatrisk avd.
SSSF.
Ny ungdomspsykiatrisk institusjon i Førde, bygging planlagt frå aug. 2001 - mai 2002.
Dette er eit fylkeskommunalt bygg, og byggherre har førebels sett av kr. 200 000 til utsmykking.
RSU har 9/2 - 2001 oppnemnd Reidun Færøy Bergstrøm til konsulent for dette bygget.
Annet arbeid i RSU, har m.a. vore:
Utsmykkingsfondets
seminar, Trondheim 18710 - 2000.
2 frå RSU Sogn og Fjordane, Grete Sellevoll og Aud Hanna Indrebø, deltok på seminaret, som hadde tittelen:
"Kunstneriske konsulenter, og kommunale og fylkeskommunale bygg, -utkast til kursmodell".
Utsendingane våre fekk m.a. omvising på NTNU/Gløshaugen. Det er å vone at resultata frå dette seminaret fører til eit fast kursopplegg for framtidige kunstnariske konsulentar.
RSU v/leiar har hatt kontakt med Aurland kommune v/ Terje Grymyr, vedk. utsmykkingsaken i Fjordsenteret. Dette etter samtaler med konsulent, i eit felles forsøk på å løyse opp i ein situasjon som ein stund sto i stampe. I eit brev frå RSU-leiar av 13/6-2000, vart kommunen m.a. orientert om RSU, og minna på det lokale utsmykkingsutvalet sine oppgåver i
utsmykkings- prosessen
RSU har også gått nøye gjennom sine eigne vedtekter. I og med at alle 3 representantane i RSU var valt inn for same periode: 2000 til 2002, vedtok RSU på møte 20/3 - 2000, å be BKSF velje ein ny representant for perioden 2001 - 2003. Dette for å få overlapping ved skifte av representantar, og for at RSU skal kunne arbeide etter eigne vedtekter.
RSU og Sogn og Fjordane Kunstnarsenter har hatt som mål å arbeide meir aktivt mot kommunane når det gjeld faste utsmykkingsordningar og vilje til utsmykking. Vi har sett i gang arbeidet med å kartleggje om kommunane har slike ordningar, og kva prosedyrar dei nyttar ved utsmykking av offentlege bygg. Det vart send ut brev til 24 kommunar, og vi fekk svar frå 15. Ingen av desse hadde vedteke utsmykkingsordning. Førde kommune og Stryn kommune har prinsippvedtak. RSU og Sogn og Fjordane Kunstnarsenter vil halde fram med dette arbeidet, med det mål for auget at alle kommunane skal vedta faste utsmykkingsordningar.
Sogn og Fjordane Kunstnarsenter er sekretariat for RSU, og har oversikt over alle saker som vert handsama i
RSU.
Førde, 13/2 - 2001
Merete Hol Tefre
Leiar RSU
[Opp]
Sidene er laga
av Hilde Farmen
|